Pousse-pousse i Antsirabe – byens taxi
-Pousse! Pousse! ropar han i det du kjem ut på gata. Rakoto sit i vegkanten med vogna si, eller han går gatelangs på evig utkik etter nye passasjerar. Han er ikkje åleine. Det er mellom fem og ti tusen pousse-pousse i Antsirabe. Alle er menn, somme ganske unge, andre så gamle at du er redd beina skal knekke under dei. Rakoto sjølv meiner han er omlag 40 år. Uniformen er såre enkel: ei slitt bukse, ei bomullskjorte, ein stråhatt mot sola og eit par sandalar, gjerne laga av bildekk. Luftputene i Nike-Air er ukjent for dei fleste,- like eins støytdemparane i dei for oss uunnverlege Ecco-sandalane.
Vi er i Antsirabé, den tredje største byen på Madagaskar med omlag 300.000 innbyggarar. Antsirabe vert også kalla pousse-pousse-hovudstaden. Navnet pousse kjem frå det franske ordet «pousser,» som tyder «å dytte.» Kort fortalt er det ein slags rickshaw, der en person drar ei to-hjuls vogn som brukast til å transportere passasjerar eller varer. Pousse-pousse’ane finst i tusental. Dei er fine å sjå til i all si fargeprakt. Dei aller fleste delane er handlaga på Antsirabe,- ramma, fjørene, felgane, seta, stearin-lampa som heng under, den umiskjennelege bjella.
Nordmenn er som regel eit par nummer større enn gjennomsnittspassasjeren på Antsirabe. Det kan difor bli i smalaste laget om to norske hofter leitar seg plass i den same poussen. Takhøgda er det derimot ikkje noko å seie på, ei heller ryggstøtta – om ein berre slappar nok av til å sette seg til rette.
En pousse-pousse løper gjennom hovedgaten på Antsirabe. I bakgrunnen ser ut den gamle jernbanestasjonen.
Produsert på Antsirabé
-Kan de ta oss med til ein pousse-pousse eigar og ein stad dei lagar vogner? spør eg nokre pousse-pousse sjåførar som freistar få meg med på ein tur. Eg var interessert i å finne ut meir om bakmennene til alle desse fargerike bydrosjene i Antsirabe.
Oppdraget var visst enkelt, og kort etter var vi på veg. Vi kom først til familien Rakotovao. Dei kunne dessverre ikkje vise oss korleis dei laga vognene, for alle som var under produksjon var så godt som ferdige. Det glinsa i friske, nymala fargar. -Denne skal til ambassaden i San Francisco, forklarer Rakotovao stolt. –Kva må eg betale for ein fiks ferdig pousse, undrast eg. –Du skal få ei fin vogn for 600.000 ariary (ca 1500 kr), kjem det kjapt frå produsenten. Smilet og entusiasmen røpar håp om handel.
Rundturen med våre tre sightseeing-poussar heldt fram. Berre eit par hundre meter var tilbakelagt, då eg brått fekk ein sterk trong til å stige ut av vogna og springe bak og skyve. Framføre oss var ein lang og seig motbakke. Gamlefar som drog sveitta frå panna. Det same gjorde eg – uvel og med ei klam oppleving av det å vere rik i eit fattig land.
I Antsirabe-gatene er det pousse-poussen som råder grunnen. Dei få drosjene som finst har tapt kampen om kundane. Meir velståande menn og kvinner eig vognene, gjerne fleire hundre. For kvar vogn tar eigaren ei dagsleige på omlag 6 kroner. Pousse-pousse førarane er til dels fattige familiefedrar som slit for å få litt mat til seg og sine. Enkelte dagar går heile inntekta til å betale leige for vogna. Andre dagar kan ein vere heldig og få litt til overs.
Glad eigar av 50 pousse-pousse i Antsirabe
-Her er det, seier dei. Berre skroget av ein pousse-pousse i hagen sa noko om at dette var plassen. Sant nok, der var ikkje så mykje meir å sjå. Alle vognene var utleigde!
Noeline møtte oss på tunet. Ho er den lukkelege eigar av ikkje mindre enn 50 pousse-poussar. Kvar vogn har sine fargar og er sirleg dekorert med eit maleri. Dekoren er ulik frå vogn til vogn, og det er Noeline sjølv som med stødig hand malar kjente gassiske motiv i friske fargar.
Ho forklarer at mange av dei som leiger pousse-poussar hjå henne er bønder, og difor må dei jobbe heime på markane når det er tid for å så og tid for å hauste. Dei misser likevel ikkje vognene sine, sjølv om andre leiger dei i mellomtida. Men for fleirtalet er alle dagane i året like. Dei ruslar rundt i gatene, medan dei speidar etter passasjerar. Nokre sit ved fortauskanten og småsøv, medan andre småspring bortetter vegen med ein kunde som skal heim frå byen.
Prisen for ein tur med pousse-pousse taxi
Kva ska ein så gjere, når ein kjem ut på gata og blir møtt av 10 pousse-poussar som kappspring i håp om å få deg som kunde?
-Kva kostar ein tur ned til torget?
-8 kroner, svarar føraren.
-8 kroner! utbryt eg, smiler og let til at det var ein blodpris. Pruting er ein del av kulturen.
-Nei, det er ikkje dyrt, forklarer han meg.
-Kva er den eigentlege prisen? spør eg.
-Det er 6 kroner, det, svarar han.
-4 kroner, byr eg.
-Nei, då døyr eg av svolt! kjem det frå slitaren med eit smil godt gøymt i eit skodespel om kor ille det ville gå med han og familien om han tok turen for 4 kroner.
-Ok, 5 kroner då, men ikkje meir.
-Det er i orden, svarer han og senkar poussen. Eg set meg oppi og er snart på torget.
-Kan eg vente til du skal heim, undrar han…… og legg ikkje skjul på at han gjerne skal springe nokre meter til med turisten som betalte så godt.
Reiseråd for Antsirabe
Eg har budd i Antsirabe i mange år og kjenner byen svært godt. Byen har mange hotell i ymse prisklassar. Det er enkelt å ta seg fram i byen, og folket er venleg innstilt overfor turistar. Rundt byen er det mange fine stadar som eigner seg for utflukter, sykkelturar, fotturer etc. På Antsirabe kan ein også vitje lokale kunsthandverkarar og kjøpe fine suvenirar. Ta gjerne kontakt, om du vil ha hjelp til å planlegge eit fint opphald i Antsirabe.